HMS/ Kvalitet/ Miljø

Sentrale godkjenningar og sertifiseringar
Me har eit kontinuerleg fokus på kvalitet, miljøomsyn og eit trygt arbeidsmiljø for våre tilsette og samarbeidspartnarar. Me er derfor i prosess for sertifisering i samsvar med dei internasjonale standardane ISO 9001 (kvalitet), ISO 14001 (miljø) og ISO 45001 (arbeidsmiljø).

Kompetanse og medarbeidarar:

Me legg stor vekt på kontinuerleg kompetanseutvikling og tilbyr tilsette jamnleg opplæring for å halde oss oppdaterte på ny teknologi, metodar og regelverk i bransjen.

 

 

Vår policy:
Bedrifta skal levere tenestar innanfor våre kjerneområder til rett pris og kvalitet og i nært samarbeid med kunden sine ønskjer. Vårt omdømme skal vere basert på gjennomføringsevne og gode løysingar. Me ivaretek krav og forventningar ved at alle våre ansatte er kjent med og etterlev vårt system og rutiner, og at bedrifta har samsvar mot aktuelle lover og reglar gjeldande for bedrifta sitt virkeområde. Gjennom kontinuerleg forbetring skal me sikre at me vert litt betre imorgon. Me skal til ei kvar tid forsikre oss om at me tilfredsstiller alle krav i gjeldande lover og forskrifter. Bedrifta legg til rette for etterlevelse av lover og forskrifter. Bedrifta utøver samsvarsforpliktelse i forhold til lover og forskrifter.

 

Kvalitetspolitikk
Me skal alltid levere godt utført arbeid slik at våre oppdragsgivarar er fornøgd med vår innsats og føretrekk oss neste gong. Etablere klare kvalitetsmål som me skal arbeide systematisk for å etterleve og for kontinuerleg forbetring.
Dette oppnår me gjennom:
-God planlegging
-Å gjere jobben rett første gong
-Klare ansvarsforhold
-System for rett arbeidsgrunnlag til ei kvar tid
-System for å oppdage, registrere og korrigere avvik og endringar (og holdningar)

 

HMS-politikk
Våre medarbeidarar er vår viktigaste ressurs og me skal leggje til rette for at alle kjem seg heim heile og friske etter endt arbeidsdag. Sikkerheit har første prioritet.
Dette oppnår me gjennom til ei kvar tid med:
-Grundige risikovurderingar og SJA for oppgåver som krev dette
-Å ha fokus p¨å sikkerheitstilstand og ryddigheit.
-Å ha tilstrekkeleg og hensiktsmessig verneutstyr tilgjengeleg.
-Godt vedlikeholdt utstyr og maskiner.
-Å bry oss om kvarandre og oppnå god trivsel blant dei tilsette.

 

Miljøpolitikk
Me skal ta hensyn til omgivelsane me befinn oss i og gjere minst mogleg skade på naturen.
Dette oppnår me gjennom:
-Å arbeide for å auke kompetansen i heile organisasjonen om vår påvirkning på miljøet.
-Å drive eit systematisk arbeid for å hindre forureinsing og utslepp i naturen.
-Å vere innovative ved å heile tida sjå etter meir effektive og ressursbesparande løysingar.
-Å ha moderne utstyrspark som til ei kvar tid er i orden og godt vedlikehalde.
-Innkjøp og bruk av underleverandørar; prioritere leverandørar som prioriterar klima og miljø høgt.

 

Arbeidsmiljøpolitikk
Me arbeidar målretta og kontinuerleg for å vedlikehalde og utvikle eit sikkert og sunt arbeidsmiljø for alle ansatte i virksomheita og eventuelt andre som jobbar på vegne av oss.
Dette skal me oppnå gjennom:
-At alle tilsette skal behandlast med respekt, og me jobbar for eit trygt og godt arbeidsmiljø. Alle er likeverdige.
-Aktiv forebygging av skadar og redusere helsepåvirkning.
-Involvering og konferering med våre tilsette er aktive virkemiddel som vert nytta i utviklinga av vår bedrift.
-Identifisering av negative påvirkningar og tilstrebe å redusere eller fjerne slike.
-Vere pådrivarar for kvarandre i forhold til bruk av verneutstyr, samt for å utføre arbeid på ein trygg måte. Alle har full rett og plikt til å nytte verneutstyr, samt å skaffe det som eventuelt manglar.
-Å tilby moglegheitar for personleg utvikling, gjennom kurs, skulegang og fagbrev.
- Moderne maskiner, lastebilar og utstyr, med godt førarmiljø som til ei kvar tid skal vere i godkjent stand.
-Arbeidstider og lønnsforhold som til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

 

" Praesent sed pulvinar risus. Cum sociis natoque penatibus et magnis dis parturient montes, nascetur ridiculus mus. Nunc tincidunt lacus sed fermentum condimentum. "

Tyler Ferguson

" Praesent sed pulvinar risus. Cum sociis natoque penatibus et magnis dis parturient montes, nascetur ridiculus mus. Nunc tincidunt lacus sed fermentum condimentum. "

Tyler Ferguson